9. desember: Jorunn Skjelten

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Jorunn Skjelten, tidlegare biblioteksjef Sandøy bibliotek, Møre og Romsdal

JorunnSkjeltenJorunn var i mange år ein del av biblioteksjefkollegiet i Møre og Romsdal. No er ho pensjonist. Eg blei kjent med henne då ho inviterte til samling i Sandøy kommune for rundt ti år sidan, til den vesle øykommunen ute i havgapet lengst nord på Sunnmøre. Eg blei slått av kor open, raus og inkluderande ho var. Og ho var så stolt av heimplassen sin: «Folk lev gode liv her ute på desse øyane», sa ho. Det gjorde inntrykk på meg. Gode liv, ikkje noko meir dilldall. Eg veit at Jorunn har betydd mykje i unge folk sine liv, både som lærar, bibliotekar og lokalpolitikar. Ho er blant dei som bidreg til lokalsamfunnet, ein av desse eldsjelene som gjer små stader til levande samfunn berre ved at dei er tilstades i folk sine liv. Dei som ikkje bryr seg, men som bryr seg om. Jorunn er ein bauta, og eg blir alltid glad når eg får treffe henne.