8. desember: Torbjörn Nilsson

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Torbjörn Nilsson, biblioteksjef på Malmö stadsbibliotek

TorbjörnNilssonVi skal til utlandet! Torbjörn møtte generalsekretær Ann Berit og eg i Helsinki i mai under IFLA President’s Meeting. Vi var saman i tre dagar: Vi var på møter, besøkte råfine bibliotek, beundra finsk arkitektur, undra oss over alle tatoveringane vi såg på folk, drakk te, kaffi, vin, åt middag i lag, fortalte livshistorier, lo mykje, litt alvor. Under desse dagane var vi alltid einige om kva som var «jättebra» og kva som var «lite tråkigt».  Og Torbjörn er ein usedvanleg lett fyr å like! Vi tre blei ein slags konferanse-bestevenninnetrio.

Torbjörn tok i si tid også intitiativ til barne- og ungdomsfestivalen LitteraLund i nettopp Lund i Sør-Sverige, byen han bur i. Og Torbjörn har ei nydeleg Skåne-dialekt. Han er ein sånn mann du berre vil ta med deg inn på ein kafé, og etter ei stund seie dette til «Skal vi ikkje ta oss enda ein kaffi og prate litt til, Torbjörn?»  Og for eit lidenskapeleg kafémenneske som meg er dette noko av det finaste eg kan seie til nokon.