7. desember: Oddmund Kårevik

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Oddmund Kårevik, barnebibliotekar på Enebakk bibliotek

oddmund KårevikOddmund har eg aldri møtt. Han er likevel ein kjær venn. Han maler vakre bilder, han har ein umiskjenneleg penn. Ein gong bretta eg mjølkekartongar, skreiv eit telefonnummer på og vann pengar til barnehagen til tvillingane mine. Derfor kjøpte eg eit bilde av Oddmund som heiter «Kvinna som bretta mjølkekartongar», fordi ho likna på meg, både i handling og utsjånad. Det heng i husværet mitt i Oslo, og eg er så glad i det bildet. På baksida, inn mot veggen, heng Oddmund si fine personlege helsing til meg. Oddmund er homofil. Og kristen. Noko av det siste han delte på Facebook var at han ville forklare seljaren av abonnement på Vårt Land om kvifor han ikkje ville abonnere. Fordi han blir lei seg av å lese debattsidene i avisa, fordi påkjenninga blir for stor når han må lese innlegg underskrivne med namn han kjenner.  Men da var seljaren snar å legge på.

Oddmund er elskverdig, deltakande, omtenksom,  sine venners venn og deler dei finaste songane han veit med meg på Spotify. Eg gleder meg til å treffe han og sjå han i augene.