6. desember: Rita Mundal

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

 Rita Mundal, biblioteksjef i Lom

RitaMundalRita Mundal var ei eg kjente før eg møtte henne i levande live, og vi blei kjent gjennom Twitter og Facebook. Brave new world! Rita KAN sosiale medier, og ho er synleg, talefør, skrivefør og usedvanleg hyggeleg. Ho har i lag med sine kollegaer vist oss ein ny måte å drive eit lite bibliotek på. Derfor blei Lom bibliotek kåra til «Årets bibliotek» i 2012. Lom bibliotek er eit fyrtårn og noko å strekke seg etter. Rita og eg har også delt ein felles gåsehudseanse då vi i eit kvardagsleg lunsjlokale med masete akustikk delte opplevinga vår av lesinga om vesle Odin i «Juvikfolket» av Olav Duun.  Odin som blei sett bort av mora sju år gammal. Ikkje av mangel på morskjærleik, men av naud. Både Rita og eg har søner. Både Rita og eg tek i bruk dei store orda om kva litteraturen eigentleg handlar om. Det handlar først og fremst om erkjenninga av at vi ikkje står aleine. Når vi kan dele skjæringspunkta, når vi ser at at andre har sett det same som oss, da blir alt plutseleg meir verdifullt. Da blir det dobbelt sant. For Sigrid Undset sa at «…menneskenes hjerter forandrer seg aldeles intet i alle dager».

Vi er i ei anna tid fleire generasjonar tilbake, og sju år  gamle Odin skal setjast bort. Men på vegen dit går Rita og eg i lag med den vesle guten og mora hans.