5. desember: Signe Thoresen

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Signe Thoresen, biblioteksjef i Dovre

Signe ThoresenSigne blei tilsett under sterk tvil som avdelingsleiar i vaksenavdelinga ved Ålesund bibliotek for nokre år sidan. Vi var i tvil fordi ho var så ung, og fordi ho hadde så lite røynsle. Å vere avdelingsleiar for eit såpass stort bibliotek kunne bli vanskeleg. Men Signe tok oss med storm. Ikkje berre med si vakre Dombås-dialekt, men med sin faglege tyngde og si store ro. Ho innførte kategorisering for delar av fagbøkene for vaksne , og dette var dramatisk! Garva bibliotekar med lang fartstid var sterkt i mot dette, men Signe sto fast. Like vennleg overbevisande. Ho er ein av mine mest vellykka tilsettingar nokon gong. Av same grunn gråt eg den dagen ho kom og sa ho ville heim til sitt kjære Dombås med den vesle familien sin. Og eg forsto at ein bibliotekar som Signe har ein berre til låns.