3. desember: Bjørg Moltu

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bbliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Bjørg Moltu, biblioteksjef i Stordal på Sunnmøre

Bjørg MoltuBjørg har eg kjent i mange år. Ho er representanten for den eine bibliotekaren i ikkje full stilling i ein særs liten kommune som får til det utrulege. Ikkje fordi ho på sitt bibliotek er betre stilt enn andre, men fordi ho har fantasi, kløkt og lidenskap til det ho held på med. I lag med mannen sin har ho til dømes utvikla eit multimøbel for bibliotek med liten plass, ho arrangerer stubbevandringar med innlagte diktpauser og ho har nettopp skrive ein artikkel i Scandnavian Library Quarterly. Bjørg er det levande personifiserte biblioteket i Stordalen. Eg har møtt ungdomar med stjerner i augene når dei snakkar om Bjørg og kor viktig ho har vore for dei i oppveksten på biblioteket. Bjørg og eg planlegg forresten litt lausleg ein meisterskap i daudmannsflyting, for der er vi meistarar båe to. Vi kan flyte lenge! Og vi trur derfor vi må ta ut nokre feriedagar, for dette kan ta tid.