2. desember: Jan-Egil Holter Wilhelmsen

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bbliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Jan-Egil Holter-Wilhelmsen, spesialbibliotekar på Horten bibliotek

IMG_3166.JPGTvillingforeldre finn kvarandre fort, og  får lett blodsband.  Jan-Egil og eg er ikkje noko unnatak. Vi veit at dei som klagar over våkenetter ikkje veit kva dei snakkar om! Vi som har/har hatt våkenetter i stereo, veit at det handlar om noko heilt anna. Det handlar til dømes om å bli drivne til vanvidd. Vi veit også at særleg tvillingar er laga veldig søte for at vi ikkje skal hive dei ut av vinduet i rein desperasjon. Eg oppdaga Jan-Egil då han skreiv i «Bibliotekaren» om sine tankar rundt bibliotekarrolla og biblioteka si framtid. Etter at vi blei venner på Facebook har eg blitt betre kjent med Jan-Egil, for han er av den sjeldne sorten som byr på seg sjølv utan å overskride privatgrensene. Eg har ofte blitt rørt over hans tankar kring farsrollene for dei tre jentene sine. Og eg har tenkt mang ein gong: Heldige jenter, men også heldige bibliotekbrukarar i Horten som har han på biblioteket i det daglege. Jan-Egil er ein fin fyr. Intet mindre.