14. desember: Halvor Kongshavn

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Halvor Kongshavn, overbibliotekar på HumSam-biblioteket (UiO)

HalvorKongshavnKorleis Halvor er som bibliotekar anar eg ikkje. Men som sjef har eg blitt fortalt at han er perfekt. Eg kjenner Halvor gjennom hovudstyret til Norsk Bibliotekforening. Han er utdanna jurist, og var den som alltid visste svar på dei litt vanskelege juridiske spørsmåla vi av og til kom oppi. Han bidro til seriøs handsaming som ein særs dyktig pedagog og analytikar. Halvor var også mannen vi sloss om å sitje ved sidan av på juleborda og andre tilstelningar. Hadde vi ikkje ledd oss forderva av han tidlegare på dagen i styremøte, så fekk vi ein ny sjanse på kvelden, eller aller helst begge deler. Ein gong hadde Halvor satt seg på eit anna bord enn Anette Kure og meg, og latteren runga der vi sat utanfor og måtte sjå lengselsfullt inn. «Dei har det gøy vettu, for dei har Halvor!», sa vi. For Halvor er ein sånn mann du aldri får heilt nok av. Med hatt, cowboyboots og sjarmerande Haugesunds-dialekt var han liksom «innafor» same kva han måtte kome til å seie, og når Halvor måtte melde avbod til styremøte var det verkeleg trist.