13. desember: Ann-Kristin Vik Fløtre

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Ann-Kristin Vik Fløtre, IKT-bibliotekar på Gloppen bibliotek

AnnKristinVikFløtreAnn-Kristin er sjølvaste Lucia-bibliotekaren! Ho og eg er kullingar frå Statens bibliotek- og informasjonshøgskole, men ho er også styremedlem i Norsk Bibliotekforening Sogn og Fjordane. Ann-Kristin er ein brennande bibliotekar som trur sterkt på det ho held på med. Anten det gjeld å redde bokbåten for n’te gong eller  nytenking rundt bibliotektenesta i Gloppen. For Ann-Kristin er ein formidlar. Kvart år er vi pluss minus ti studievenninner frå kullet av 1990 som møtast ei helg i september for å gå turar og vere i lag. Sist no i september sykla vi frå Horten til Åsgårdsstrand. Og det er ikkje den ting Ann-Kristin ikkje greier å fatte interesse for. Om det no er rare trær, syklar utan gir, kvifor Edvard Munch malte akkurat slik og ikkje slik, kvifor lyset på himmlen over vatnflata er akkurat slik no, osv.  Det er nok derfor ho er så opptatt av litteratur også. Og ho snakkar om det ho les. Heile tida. Til alle.  Og når vi andre er langt nedi vinglasa seint på kveld, så fortsetjer Ann-Kristin å snakke om det ho har lese. Og i notatlista mi på telefonen har eg fortsatt bokanbefalingar frå henne frå året før. For Ann-Kristin er bibliotekar døgnet rundt. Ho er nysgjerrig, vitebegjærleg og ho sluttar aldri å undre seg. Det er ei gåve å ha.