12. desember: Tone Moseid

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Tone Moseid, biblioteksjef ved Tønsberg og Nøtterøy bibliotek

toneMoseidTone har alltid vore eit bibliotekarideal for meg. Første gongen eg høyrde henne var under eit foredrag då ho var tilsett i Statens Bibliotektilsyn, og dei var i ferd med å bli nedlagt for å stå opp igjen som ABM-utvikling. Tone har framstått som særs kunnskapsrik, velartikulert, ein god rådgivar, eit godt korrektiv. Blir noko arrangert av Tone, så veit ein at ting er på stell, og at ingenting er overlatt til tilfeldigheitene. Ho framstår som like roleg og balansert. Sist eg høyrde henne var i Tønsberg bibliotek no i november som vert under konferansen «Mission Possible». Som ho sa ho som sat ved sidan av meg: «Ho utstråler tryggheit og ro». Og eg kunne ikkje vere meir einig. Tone er ein biblioteksjef som står støtt i rollen, Tone er noko å strekke seg etter. Både i framtoning, fagleg tyngde,  leiarstil og fordi ho er  ein særs hyggeleg og inkluderande person. Dessutan legg eg alltid merke til folk som har talegåver, og Tone er ein av desse.