11. desember: Knut Slinning Bjørdal

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Knut Slinning Bjørdal, bibliotekar på Ålesund bibliotek

Knut Slinning BjørdalKnut er umåteleg kunnskapsrik. Han kan alt som er verdt å vite om gamle kommunegrenser, kyrkjesokn, rettskrivingsnormalar, songskattar, folketeljingar, bygdebøker, skifteprotokollar,  matriklar, lyrikarar og stortingsmenn. Han held små foredrag på personallunsjar om si eiga arva gryteklutsamling, han har med sjølvlaga snop, avleggjarar frå hagen og han les bortgløymde og gøymde dikt som ein prest. Han er den fødte formidlar, og når han før jul les «Den heliga natten av Hjalmar Guldberg på originalspråket svensk,  så er alt som det skal vere.  Han har fått godt vaksne damer i sekstiåra på klassetreff til fnise henrykt når han etter eit kort resonnement finn fram til den gamle leseboka deira som dei kan mimre over.  Då eg blei innstilt som leiar av Norsk Bibliotekforening skreiv han: «Mariann er forfremja til herlegheita». Eg er takksam for å ha fått arbeidd i lag med han.