10. desember: Stig Elvis Furset

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Stig Elvis Furset, rådgjevar på Buskerud fylkesbibliotek

StigElvisStig Elvis er «bibliotekaren frå helvete». Det sto lenge i signaturen hans etter at han hadde anbefalt teikneseriar for unge som var langt frå Anne Cath. Vestly for å seie det slik. Han er Elvis-imitator og blødande Brann-supporter, og opplever nok tunge tider om dagen. Første gongen eg helste på han laiv hadde eg nettopp vore på radioen og anbefalt ei barnebok av Astrid Lindgren. Eg elskar Astrid Lindgren, men då kvidde eg meg for å seie akkurat det til han (jada, eg skjemmast). Men eg måtte jo. Han var ikkje imponert, og han greidde vanskeleg å skjule det. Men det var ei nokså ukjent Lindgren-bok! Stig Elvis ville ikkje anbefalt Lindgren trur eg, men det er nok mest fordi han meiner andre fortener å bli løfta fram. Han elskar blod&gørr i bøker. Og han elskar nynorsk. Stig Elvis gifta seg med si kjære Mari i fjor. Sjølvsagt i Las Vegas. Sjølvsagt i ein kopi av Elvis Aaron Presley sin smoking. Stig Elvis, FTW!