Om meg

Eg heiter Mariann Schjeide og er leiar i Norsk Bibliotekforening.

Fødd i Ålesund i 1965, eldst av tre søstre.  Har storfag (høgskolekandidat) i nordisk språk og litteratur ved Høgskolen i Volda, ferdig i 1987. Deretter Statens bibliotek- og informasjonshøgskole, ferdig i 1990. Deltidsstudium i leiarutdanning frå NTNU i 2012. Fram til eg tok over leiarvervet i mars 2014, var eg dei siste 11 åra biblioteksjef ved Ålesund bibliotek.

Brukar tida mi  som leiar av Norsk Bibliotekforening mellom heimekontor på Skodje på Sunnmøre og i  Oslo.  Har tre barn, tvillingane Ragnhild og Tarjei på 14, og Åsa på 20, og ein særs overvektig gammal norsk skogkatt som heiter Odin.

Kvifor blogg?

Eg har i fleire år vore særs aktiv på sosiale medium, dei har rom for både kjappe tankar, impulsive sleivspark, tant&fjas men også seriøsitet og fagstoff. Denne bloggen ønskjer eg skal avspegle noko av det same. Det blir fort kjedeleg om det berre skal vere fagstoff i ein blogg. Samstundes ønskjer eg å halde ein personleg, om enn ikkje privat profil i tillegg. Ein vil derimot ikkje finne blogginnlegg av typen «Grip dagen, ny veke» eller «Endeleg helg» her inne, det er nok av folk som tek seg gladeleg av den biten. Det vil følgeleg også vere ei visdomsordfri sone.

Eg kjem også til å skrive om andre ting som opptar meg, til dømes språkspørsmål (eg er grammatikknazi), nynorsk, feminisme, litteratur, kultur, historie og politikk, samt reinspikka vås rundt observasjonar/dialogar og «slik-lever-dei-der»-oppdateringar. Eg går for å vere ein meister i unyttig viten og kan ha eit generelt problem med å velje mine slag. Er du fortsatt med? Bra.

Kontakt

Epost: mariann.schjeide@norskbibliotekforening.no

Twitter: @Schjeide

Instagram: schjeide

 

 

Share on FacebookTweet about this on TwitterEmail this to someonePin on PinterestPrint this page

Be First to Comment

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *