Det er tittelen på filosofen Einar Øverenget sin spalte «Fritt ord» i Magasinet denne veka. Øverenget hadde nettopp sett dokumentarfilmen «En prest og en plage» om anti-abortpresten Børre Knudsen. Eg har også sett den filmen og han gjorde eit sterkt inntrykk på meg. Ikkje fordi eg på noko tidspunkt var einig med Børre Knudsen, eg er sterkt for retten til sjølvbestemt abort. Eg har aldri meint noko anna, eg har aldri vore i tvil. Og Børre Knudsen og kompanjong Ludvig Nessa sine verkemidlar meiner eg fortsatt var motbydelege. På meg verka dei forrykte begge to, men eg hugsar særleg at eg tenkte det om Børre Knudsen. Han verka som å tilhøyre ei anna verd, augene hans var ikkje her, mannen var ikkje tilstades, han var ein framand i blant oss.

 

Ein venn av meg sa forleden at eg brukar mykje uttrykket «å stå i det». Og eg gjer nok det, for eg meiner at livet handlar om å nettopp «stå i det». Gjere det du kan medan du er der, ikkje vike, ikkje vere feig, stå opp for deg sjølv og dine nærmaste. Det viktigaste eg kan gjere for barna mine er å gi dei mot, vise at eg står i det, vere eit førebilete, vise at eg ikkje bry meg om kva andre meiner. Men kven er eg til å snakke når det kjem til stykket? Jovisst, eg går nok for å vere både skrivefør og verbalt hardtslåande og spissformulert, men eg blir jo til dels svært lei meg når eg får «for mykje» motbør. Eg tek det «personleg» som det så vakkert heiter. Men alt er personleg. Og alt er politikk. Eg jobbar kvar dag med å bli flinkare til å velje mine slag, men det er vanskeleg. Like vanskeleg som å takle forsøk av latterleggjering og skuldertrekk over engasjement.

 

Dei siste par dagane er det Fotballfrue si rumpe på forsida av Det Nye som har irritert livet av meg, men eg har greidd å lat vere å skrive om det på Facebook. Ok, det blei ein ørliten kommentar på Twitter. Og skriv eg så lagrar eg godt både likes, gode kommentarar, favorittmarkeringar og retweets. Så kven er eg til å så eplekjekt proklamere eit «stå i det»? Eg vil bli sett, høyrt, få applaus og gode tilbakemeldingar. Eg kunne aldri ha vore ein Børre Knudsen, eg kunne aldri blitt han som gjekk med opne auge inn i hatet, latterleggjeringa, «diagnostiseringa» av han som person, eg kunne aldri greidd (biletleg) å miste kappe og krage, og utsetje familien min for hat og sjikane på grunn av deira slektsskap til meg.

 

I filmen «En prest og en plage» ser vi ein tilårskomen, sjuk, svak og sliten mann. Saman med ei for meg overraskande sterk og flott kone. Han syng salmar på sjukehuset med knapt høyrbar skjelvande røyst, han kjenner seg sorgtung over det han har påført sine nærmaste. Men han viser ingen anger for at han engasjerte seg så sterkt og sjølvutslettande i saka han trudde på. Han ville gjort det igjen, ingen tviler på det. Den antipatien og forrakten eg kjente for Børre Knudsen har blitt nyansert, for ikkje å seie borte. Ikkje fordi eg har endra syn i abortspørsmålet, men fordi eg meir forstår drivkrafta hans, og fordi eg beundrar motet og uthaldenheiten. Børre Knudsen sto i det! Og det med ein styrke og ei overtyding dei færraste av oss har når det kjem til stykket. Eg har det hvertfall ikkje. For meg er det viktigare å vere ein del av eit fellesskap. Det er menneskeleg, det er derfor det er så mange som er som meg. For eg er meir oppteken av likes på Facebook.

 

Tankar

«Den største gleda du kan ha, det er å gjere andre glad». Dette lærte vi som barn, dette skreiv vi til kvarandre i minnebøkene. At gleda handlar om å gi meir enn å ta i mot. Dette veit vi jo alle, men det siste døgnet har eg verkeleg fått syn for segn. I går skreiv eg om Ann-Britt Svane  i denne litt alternative julekalenderen på bloggen. Og det har eksplodert i tilbakemeldingar. Blogginnlegget låg berre ute ein halvtime før NRK Møre og Romsdal ringte, og i dag blei det intervju i morgonsendinga. Med fare for å høyrest koketterande ut; dette hadde eg verkeleg ikkje sett for meg. Det er jo så mange rare og innovative julekalendarar no om dagen, så eg kunne ikkje forstå at denne skulle vere så spesiell.

Moteordet «framsnakking»

Eg likar det ikkje. Eg får assosiasjonar til hjarte og smiley-invadering og ein type overflatisk venninneprat eg kan styre meg for. Men eg har alltid hatt som lita ei rettesnor i livet at kan eg seie noko positivt om nokon så gjer eg det. Så kvifor ikkje setje det i litt system når høvet byr seg. No har eg ferdigskrive alle dei tjuefire omtalene for tjuefire bibliotektilsette fram til jul. Og som eg har hatt glede av det! Eg var nok i ein stim i helga då NRK gjorde sitt til at eg vart regelrett overfløyma av gode tankar. Tv-en sto på med salmar frå fredag kveld, på igjen laurdag klokka åtte om morgonen. Med dette i bakgrunnen begynte eg på skrivinga. Eg skreiv og skreiv og innimellom sa eg til tvillingane mine «Den salmen, den kan eg utanat. Alle versa! Vi pugga salmar på skulen, vi. Kvifor puggast det ikkje lenger?? Pugg er undervurdert! Bei aus mit nach seit von zu! An auf hinter in neben über unter vor zwischen! Sjå, eg kan det fortsatt! Tyske preposisjonar på rams! Høyrer de??» Søndag føremiddag var tålmodet til den elles så tålmodige Tarjei (snart 15) i ferd med å renne ut: «Seriøst, mamma, kan eg få sjå litt langrenn no?» «Nei! Eg skal sjå sal…… Ok, ja, litt da». Men eg hadde planlagt at eg skulle synge/grine under «O, bli hos meg», og det fekk eg heldigvis til.

Denne første adventshelga var så fin. Salmeboka minutt for minutt, lysmesse i kyrkja for konfirmantane og skriving av vakre ord til kollegaer. Eg har blitt flinkare til å ikkje bry meg om grininga mi som blir meir påtrengande år for år. Den kjem uforvarande som når ein høgreist son står på talarstolen i kyrkja og les med ei djup røyst som vitnar om at han ikkje lenger er den vesle guten eg måtte stagge for å sitje i ro på ein kyrkjebenk. Han sto der og las, tydeleg og klart, i kvit konfirmantkappe. Den guten som jo nettopp er fødd. Tvillingsøster Ragnhild sto lenger nede i kyrkja med lyset sitt i lag med dei andre. Det er altså lysmesse, og kyrkja er kun opplyst av levande lys, og vi skal synge den vakre julesalmen «Det djupaste mørkret» av ålesundaren Arnfinn Haram. Den forholdsvis nye julesalmen eg håper skal vekse seg stor og mektig. Det er mest ikkje råd synge han, for no er klumpen i halsen nesten litt for stor.

Denne søndagen var Black Friday tilbakelagt, ein av dei amerikanske tradisjonane vi har importert, det vil seie handelsstanden har gjort det for oss. Ein annan amerikansk tradisjon vi derimot ikkje har importert er Thanksgiving. Import av takksemd er vel ikkje like enkelt å stille seg bak for den same handelsstanden. Men det var takksemda eg kjente på der i kyrkja: Takksemda over å få stå i det. Takksemda over å ha fått blitt snart ni år eldre enn mor mi, takksemda over at barna mine fortsatt har meg i liva sine, takksemda over at eg også har greidd å velje ein eksmann med omhu, takksemda for at han er den faren han er for barna våre, takksemd for solid utdanning, meiningsfylt jobb, takksemd for mine kjære søstre og folk som vil meg vel. Og takksemd over at eg kan skrive ektefølte ting om kollegaer over heile landet i ein adventskalender i førjulstida

Emil i Lønneberga og eg deler noko vesentleg her: «Dette gjorde jag av min godhet» sa Emil då han kyssa lærarinna.

Tankar