Er du ein bibliotekar med eit snev av ambisjonar for verksemda di, bør du vere ein del i media. Sjølvsagt skal biblioteket du arbeider på ha hovudrollen, men du er det personifiserte biblioteket, og må såleis rekne med å bli tatt ein del bilete av. Ikkje berre det, bilete av bøker og/eller bokhyller i seg sjølv er noko dei fleste journalistar/fotografar synest er særs kjedeleg, og det er jo det ikkje vanskeleg å vere usamd i.

Men om du møter den verkeleg wannabe-innovative journalisten ein dag, så kan du vere sikker på at han/ho ber om å få ta bilete av deg gjennom ei bokhylle. Om du kanskje aldri har opplevd akkurat det før, så stiller du deg kanskje villeg opp og tittar fram ved sidan av Coelho, nei, forresten, insister på ei anna hylle eit stykke unna bokstaven C. Men om du har vore i gamet nokre år, som meg, så sukkar du kanskje innstudert tungt, smilar overbærande og seier at «åh, vil du ta bilete av meg gjennom ei bokhylle, ja, det har ingen før deg nokonsinne kome på!» Det er kanskje litt stygt sagt, men veldig sant og ørlite gøy å setje litt eplekjekke journalistspirer på plass.

Bibliotekaren og bokhylla hennar.
Endeleg nøgd med biletet, men den rotete bakgrunnen er under einkvar kritikk (NRK si bokhylle). Biletet blei bra grunna god klikk med ein særs søt og dedikert journalist. Vi blei nesten venninner, må vite. Foto: Maria Holand Tøsse.

Men for å snakke litt om fotografering: Eg hatar det. Verkeleg og intenst, dette er inga kokettering. Eg trur det for alvor begynte då lokalavisa fotograferte meg frå froskeperspektiv åtte månader på veg med tvillingane mine. På det tidspunktet runda magen min hjørnet eit minutt før resten av jenta. Å sjå det kingsizegravid-biletet på trykk gjorde noko med meg, og eg trua med å saksøke avisa.

Det beste er å bli tatt bilete av folk som overhodet ikkje kjenner deg frå før. Har eg ein snev av felles referanserammer eller historie med vedkomande, blir det straks verre. Og eg har ingen forklaring på kvifor. Derfor spør eg alltid journalisten om vi kan ta bilete  først, vel vitande om at det vil dei sjeldan. Det kan eg jo forstå, for det handlar vel om å danne seg eit bilete av intervjuobjektet før ein tek eit reelt bilete.

Bibliotekaren og den andre bokhylla hennar.
Bibliotekaren og den andre bokhylla hennar. På bad hairdays finn vi den (bok)støtta som måtte by seg og held oss fast.

I går på ein tur såg eg eit japansk ektepar som tok bileter av kvarandre, dei stilte seg opp, særleg ho, som om den mest naturlege ting i verda, verkeleg poserte med sitt finaste smil, heilt uaffektert av oss som sto rundt og såg på dei. Eg forstår det berre ikkje, men eg innser at det er eg som har problemet. Eg trur ikkje det vil gå over heller.

Sjå kor naturleg.
Sjå så naturleg og komfortabel. Dette er ein type bilete som ein trur kan bli rimeleg ok, og så går det strake vegen utfor når ein ser det på trykk.  Dei to kollegaene bak tek gladleg rollen som linselus så lenge dei ikkje er i fokus. Ein ting er å bli tatt bilete av, noko som er enda verre er dei som står og ser på at du blir tatt bilete av. Ein kan bli aggressiv av mindre.
Nøgd med biletet (og saka!) i Dagsavisen 5. mai 2014. Foto: Hilde Unosen.
Nøgd med biletet (og saka!) i Dagsavisen 5. mai 2014. Fotografen hadde derimot aldri opplevd eit så ubekvemt fotoobjekt. Men eg kjente henne ikkje, det gjorde susen.  Foto: Hilde Unosen.

Livet som leiar