Om du berre skal lese éi bok i år….neida. Det er så dumt å seie. Likevel: Om du skal lese ei bok som treff deg i magen i år, så les Lena Anderssons «Rettsstridig forføyning – en roman om kjærlighet» (svenske Augustprisen, 2013).

Om forelsking og kjærleik som ein ikkje er sikker på blir gjengjeldt. Om den eine som elskar meir enn den andre, og denne eine sine fortolkingar, analyser, tvil, sjølvbedrag, audmjukingar, energirush og eufori når ein tolkar signala frå den andre som at noko er i emning, den botnlause fortvilinga med veggar som fell ut når ein innser at kjærleiken er ei einsam affære. «Ingen smerte er som den å ikke forstå». Denne boka gjorde direkte vondt å lese, gjenkjenningas gys nedover ryggen, erkjenninga eg som lesar i ettertid får som ein dolk i magen: «Det var slik det var! Det er slik det er!»

Ho har sett det same som meg. Den mest einsame kjensla i verda er også opplevd av andre. Frykteleg. Og vakkert. Les! – og takk til deg, Marit Vestlie, for anbefalinga. Du hadde rett!

Kulturopplevingar