Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Thomas Brevik, barnebibliotekar på Lindås folkebibliotek og bokbåtbibliotekar på Epos

Thomas BrevikThomas kjente eg til frå Statens bibliotek- og informasjonshøgskole. Han gjekk to klasser over meg, og visste nok ikkje at eg eksisterte. Han var den tøffe og hardtslåande redaktøren av studentbladet Bråk og Bibliotek. Og så smilte han alltid, da som no. Han er også ein eg har blitt mest kjent med gjennom Facebook. Han har ein svært god penn, og greier den umulege kombinasjonen mellom å vere krystallklar, spissformulert og elskverdig. Ein kan liksom ikkje bli sint på Thomas. Han taggar meg stadig i innlegg som handlar om språkbruk, grammatisk fanatisme og slike ting andre vil kalle ubetydeleg språksnobberi. Og eg elskar at han heilt gjennomført kallar meg Madame President.

Julekalender

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bbliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Bjørg Moltu, biblioteksjef i Stordal på Sunnmøre

Bjørg MoltuBjørg har eg kjent i mange år. Ho er representanten for den eine bibliotekaren i ikkje full stilling i ein særs liten kommune som får til det utrulege. Ikkje fordi ho på sitt bibliotek er betre stilt enn andre, men fordi ho har fantasi, kløkt og lidenskap til det ho held på med. I lag med mannen sin har ho til dømes utvikla eit multimøbel for bibliotek med liten plass, ho arrangerer stubbevandringar med innlagte diktpauser og ho har nettopp skrive ein artikkel i Scandnavian Library Quarterly. Bjørg er det levande personifiserte biblioteket i Stordalen. Eg har møtt ungdomar med stjerner i augene når dei snakkar om Bjørg og kor viktig ho har vore for dei i oppveksten på biblioteket. Bjørg og eg planlegg forresten litt lausleg ein meisterskap i daudmannsflyting, for der er vi meistarar båe to. Vi kan flyte lenge! Og vi trur derfor vi må ta ut nokre feriedagar, for dette kan ta tid.

Julekalender

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bbliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Jan-Egil Holter-Wilhelmsen, spesialbibliotekar på Horten bibliotek

IMG_3166.JPGTvillingforeldre finn kvarandre fort, og  får lett blodsband.  Jan-Egil og eg er ikkje noko unnatak. Vi veit at dei som klagar over våkenetter ikkje veit kva dei snakkar om! Vi som har/har hatt våkenetter i stereo, veit at det handlar om noko heilt anna. Det handlar til dømes om å bli drivne til vanvidd. Vi veit også at særleg tvillingar er laga veldig søte for at vi ikkje skal hive dei ut av vinduet i rein desperasjon. Eg oppdaga Jan-Egil då han skreiv i «Bibliotekaren» om sine tankar rundt bibliotekarrolla og biblioteka si framtid. Etter at vi blei venner på Facebook har eg blitt betre kjent med Jan-Egil, for han er av den sjeldne sorten som byr på seg sjølv utan å overskride privatgrensene. Eg har ofte blitt rørt over hans tankar kring farsrollene for dei tre jentene sine. Og eg har tenkt mang ein gong: Heldige jenter, men også heldige bibliotekbrukarar i Horten som har han på biblioteket i det daglege. Jan-Egil er ein fin fyr. Intet mindre.

Julekalender

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Denne ideen blei født under litteraturfestivalen i Alta då kommunikasjonsrådgjevar Kristin Storrusten og eg delte lunsjbord mellom anna med Ann-Britt Svane. Eg hadde nett sagt nokre fine ord til ho fordi ho er ein «bjuda på»-person – og då sa Kristin at dette burde eg gjere heile desember. Derfor startar eg også med Ann-Britt.

Ann-Britt Svane, biblioteksjef i Porsanger og leiar av NBF Nord-Norge

Ann Britt SvaneDen første gongen eg snakka med Ann Britt var på Gardermoen. Eg forsto at ho var same, og det var for ein sunnmøring rimeleg eksotisk. Etter å ha fått stadfesta det, kom eg med det famøse oppfølgingsspørsmålet: «Er du same sånn på ordentleg?». Ann Britt svarte at ho var det, men at ho hadde gøymt kniven under jakka. Sjølv rødma eg frå hårrøtene og ned og orsakingane mine og stotringa for å ro meg i land var av det svært pinlige slaget. Ann Britt var ein av dei som intervjua meg i valkomiteen til leiarvervet i Norsk Bibliotekforening. Seinare har ho vist seg som forutsigbar og enkel å forholde seg til,og det seier eg i aller beste forstand. Ho er svært stolt av det samiske opphavet sitt, ho har både vakre søljer på bringa og påtrykte søljer på buksa. Og ho seier sjølv at ho er fantastisk flink til å danse. Det trur eg på!

Julekalender