Då eg var barn var sjølvaste julaftan ei heilt spesiell luke i julekalenderen. Ho var annleis på alle måtar. Det må også vere litt annleis i denne julekalenderen. Eg har hatt umåteleg stor glede av å skrive alle desse innlegga, eg har kjent meg takksam og glad for at eg kjenner så mange fine folk. At alle har tilknytning til bibliotek gjer det berre enda finare. Her er usynlege band, forbrødring og -søstring, felles verdisyn og samling i botn om kvifor bibliotek, i alle former, er livsnødvendige for oss. Eg har ønska å vere ein representant for dei store orda, dei som sjeldan blir sagt utan at dei blir pakka inn i tillærte og innstuderte visdomsord og emoji-hjarter.

Men det er likevel éin utanfor folden som også brukar dei store orda om bibliotektilsette, om enn på ein annan måte. Han twitrar frå sin ståstad, for han seier «Om du spør etter erfaringar har eg to: Ei Creedence-plate og ei som dro». Og ho som dro var bibliotekaren. Eg ønskjer dykk, gode kollegaer, og alle andre som har fulgt kalenderen på bloggen, ei god og fredeleg jul. Her får de @Heimflyttar med sine 140 teikn i gongen på denne julaftan i det Herrens år 2014. Hadde han berre visst det.

24. desember: Heimflyttar seier:

Heimflyttar Eg skulle gjerne møtt kjærleiken
slik ein nyleg sjøsett færing konverserer sine første bølgjer, nok eingong.

Ferja
hadde trengt ein tv-aksjon. Denne staden treng òg kvinner.
Ei ferje full av utdanna kvinner. Gi så det svir

Treng ikkje vere den store kjærleiken. Det vesle
er når min telefon går automatisk i wifi i ditt hus

Når eg er på kaffebar i byen ber eg spesielt om at dei IKKJE lagar hjarte i mjølkeskummet

Har
fått stipend for å forska på kva som skjer med dobbeltsenger som berre blir brukt
på den eine sida over tid.

Ber ikkje om mykje, berre ein bibliotekar
som forstår

Du trur ikkje eg kan gi deg nok spenning? Eg har alle dikta til Olav H. Hauge og eit jøtulhjarte

Såg ei rosabloggarbrun, tynn jente med skavlkvitt hår og stor tyggis på Kiwi: kan ho vere den nye bibliotekaren?

Eg trur eg kunne elska ei som ikkje er bibliotekar,
men det ville bli hardt.
Men det burde gå

Må slutte å vere så oppteken av bibliotekarar med strenge briller. Må utvida til andre yrker (eh, kjem ikkje på nokon)

Nye bibliotekaren, rett alder, skjønnlitterære briller, innsvinga kropp, poetiske hofter, dramatiske hender og
kinn som ville passa mine

Handa skalv, var så nervøs i biblioteket at eg tok Coelho i staden for Clézio. Same hylle.
Tru kva ho tenkte

Om ho har briller,
har innsvinga bibliotekklede
og les Fosse,
skrik eg mot himmelen: Kvifor har alle bibliotekarar kjærast frå før?

Det er knapt eit bibliotek her eg ikkje har håpa å finne henne. Alta bibliotek no

Bibliotekarar treng ein knapp på Twitteren i tillegg til
reply,
retweet,
favourite:
Eg frir

Om
du er bibliotekar og eg ikkje følgjer deg,
gi eit lite vink.
Slikt
skal ikkje skje

Drøymde at eg traff henne og sa «takk for at du elska meg alle desse åra. Og ho sa: treng ikkje takke, det var da så lite

Bibliotekfilialen har tatt juleferie no, men
i kjellarlokalet lyser ei lampe rett over der kjærleiksdikta til Moren Vesaas står

Har trua. I 2015 treff eg nok min komande eks.

Julekalender

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

23. desember Katrine Celius, tilsett på Ålesund bibliotek

katrinecVed Ålesund bibliotek hadde vi fått over femti søknader på ei bibliotekfullmektigstilling, og hadde innkalt tre til intervju. Etter at den andre hadde vore inne meinte vi at vi hadde funnet vår mann, men vi måtte jo gjennomføre det siste intervjuet også, sånn for syns skuld. Og inn døra kom sola Katrine med si utstråling og sitt milde, blide vesen. Habil bibliotekbrukar var ho også, og syntes det såg så fint  ut å jobbe hos oss. Eg hugsar godt at ho og eg som intervjua henne sat og smilte gjennom heile intervjuet, men etterpå var vi ganske forvirra. Kva skulle vi gjere? Vi hadde jo eigentleg bestemt oss for han andre? Det er enkelte personar som ein alltid burde setje i front for å møte publikum, nokon har det berre i seg, andre  har det ikkje. Katrine er denne fødte kundebehandlar, om vi kan kalle ein bibliotektilsett det. Eg meiner vi kan det. Ho får kvar einskild til å føle seg sett, roe ned situasjonar som «Eg har fått ei purring, men denne boka har eg levert inn forlengst!». Katrine er kanskje den einaste den gamle dama som besøker oss snakkar med i løpet av dagen, og heldige gamle dame som møter Katrine! Ho var ikkje henrykt over å måtte ta ei eventyrstund for barnehagebarn. «Det er liksom ikkje meg, Mariann», sa Katrine, for dette var noko ho ikkje var komfortabel med. Men ho slapp ikkje unna. Til slutt tok ho meg i handa (!) og sa «ok, eg skal gjere det». Og mild tvang er undervurdert, for Katrine viste seg å vere eit formidlingstalent. Ho er eit strålande døme på at berre ein ein går inn i ting med eit ope og litt fandenivoldsk sinn så kan det bu ein drivande dyktig formidlar i mange fleire bibliotektilsette. Det er den faglege biten. Men å vere ein god kollega i eit felleskap er meir enn det faglege. Det handlar om empati, vise interesse, sjå sine kollegaer og sjølv bidra til at du er fin å jobbe i lag med. For slik er ho som kom inn på eit møterom til intervju som ein solstråle. Ho som vi fall pladask for for to år sidan når alt eigentleg var avgjort. Men Katrine var den som avgjorde.

Julekalender

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Elisabeth Flåskjer Kjerstad, biblioteksjef i Sula på Sunnmøre

elisabethflåEg var nyutdanna bibliotekar i 1990, og Elisabeth var ein av dei første eg møtte i biblioteksjefkollegiet i Møre og Romsdal. Desse biblioteksjefmøta var jo dei reinaste slektstreffa, og ikkje berre fagleg. Vi fulgte med kvarandre gjennom oppturar og nedturar, jobbskifte, barnefødslar og bryllaup. Det knyttast sterke band over tid mellom mange. Elisabeth er ikkje den som snakkar for høgt og for mykje. Men når ho ber om ordet er det gjennomtenkt, velformulert og poengtert. Men lat deg ikkje lure; for ho er innovativ, på hogget og nytenkande som få. For 11 år sidan blei Sula bibliotek kåra til årets bibliotek i Møre og Romsdal, og eg har aldri gløymt takketalen hennar. Om kva biblioteket kunne bety i eit lite lokalsamfunn, korleis dei jobba, kva som var viktig for det vesle kollegiet på biblioteket og korleis dei ønska å gjere ein forskjell i folk sin kvardag. Kor ofte blir ein rørt av ein takketale? Ikkje ofte. Men under denne talen til Elisabeth kunne ein høyre ei knappenål falle. Og prisen var så velfortent. Seinare blei Sula bibliotek valt ut til å vere eksempelbibliotek i Møre og Romsdal. Dei seier alltid ja til å prøve noko nytt, vere i front, vere flaggskip. Det vesle biblioteket i Langevågen har alltid vore noko å strekke seg etter, sjølv for store Ålesund bibliotek på andre sida av fjorden. Elisabeth er eit av dei framste døma på at ein kan få til store ting som løftar og beriker ei bygd utan at ho er særskilt ekstrovert og synleg i alle samanhengar. I Sula har ho blitt ein institusjon i seg sjølv. Ikkje fordi ho rår over større kommunale midlar enn andre, det gjer ho langt ifrå, men fordi ho tek samfunnsoppdraget og biblioteksjefrolla si på alvor. Fordi ho heile tida ønskjer å drive betre. Fordi ho har vyer og mål, og er meir enn ein vaktsjef som held opne dørene. Fordi ho har drivkraft og kjærleik med seg i alt ho gjer og fordi ho nyter respekt og takksemd frå dei som er i hennar verkefelt. Både frå  brukarar i kommunen og frå andre biblioteksjefar. Dei har vore ei glede å ha Elisabeth som biblioteksjefkollega gjennom snart 25 år. Alle kommunar, særleg dei mindre, fortjener ein biblioteksjef som Elisabeth. Heldige Sula.

Julekalender

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Karianne A. Aam, fylkesbiblioteksjef i Hedmark

karianneKarianne kan vere ganske irriterande. Ho er sånn som tek bilete av strikketøyet sitt på toget på veg til eit viktig møte, og passar på å tagge meg i innlegg på Facebook kun for å irritere meg. «Har ikkje bestemt meg for om eg skal strikke under møtet, Mariann», kan ho finne på å skrive. Når ho skal kommentere eller svare på noko eg har skrive, så passar ho på å få med ein smiley eller fem fordi ho veit at eg ikkje er så begeistra for smileys for å seie det forsiktig. Ho tek aldri sjansen på at eg ikkje skal sjå det, ho taggar meg alltid. Om eg har lagt ut ein lite gjennomtenkt status i affekt (som hender titt og ofte) og fjernar han like etterpå, så er Karianne den som etterspør han «du…den statusen om xxx, kor blei den av? Tok du han vekk?»

Men Karianne kan også vere ganske kul. Ho har eit stort overblikk, ser dei lange linjene, ho skriv om prosjekt som gjekk til til pisis og kvifor dei gjorde det, ho meiner mykje om framtidig bibliotekdrift og -politikk. Ho er opptatt av retningar, satsingsområder og særleg fellesløysingar som kan kome alle biblioteka til gode. Ho og eg er einige om det meste, eigentleg! Også at trailerbart er kult.

Julekalender

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Trond Minken, fylkesbiblioteksjef i Buskerud

TrondMinkenI 1989 hadde eg praksis hos Trond Minken på biblioteket ved Norges Geologiske Undersøkelse i Trondheim. Han himla med augene då eg for n’te gong spurte kva han eigentleg dreiv med i denne rare foreininga han var leiar for. «Nei, Mariann», sa Trond, «Norsk Bibliotekforening er ikkje ei fagforening, det er ein interesseorganisasjon». Han var begynt å bli litt lei,  trur eg. Kjærasten min hadde nett gjort det slutt, så eg gjekk rundt på NGU, grein litt, snufsa, la inn samandrag av forskningsrapportar på tysk «på dataen» og ordna dei offentlege publikasjonane etter fargekode (det siste var min idé). Trond måtte trøyste meg ein del! Trond har seinare lært meg om mot, om å vere uredd og om å stå i stormen. Om å ikkje gi seg når du som biblioteksjef blir overprøvd av rådmann og politisk leiing når du skal drive eit godt bibliotek. Og han har lært meg å vere synleg og stå i det som måtte kome med rak rygg. Trond er fortsatt eit ideal for meg. Han har lært meg om korleis ein kan vere leiar av Norsk Bibliotekforening.

Julekalender

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Marita Grønlund, bibliotekar på Aurskog Høland bibliotek

MaritaGronlundMerk deg namnet, eller forresten, merk deg desse namna: @mikashasa på Twitter, AHBibliotek på SnapChat og aurskogholandbibliotek på Instagram. Alle desse kontoane blir administrert av den unge bibliotekaren Marita Grønlund på Aurskog Høland bibliotek. Ho er sjølvsagt også på Facebook  som einkvar bibliotekar som tek jobben sin på alvor er. Og heldige Aurskog Høland bibliotek, seier berre eg. Ho, og dei, har forstått dette med digital formidling, og har med det greidd å ta formidling til nye høgder der ungdommen er, for det er «sånt som ungdommen likar»! Dette er ein visuell ein-til-ein-kommunikasjon som samstundes når svært mange. Tenk på det neste gong du tenker at du skal lat røynsle og lang CV gå foran alder når du tilsetjer ein ny kollega på ditt bibliotek. Det handlar om å kjenne si besøkelsestid, for ei som Marita vil nå langt.  Marita blei fortent framheva som eldsjel av dei som driv bloggen sosialkommunikasjon.no under konferansen «Mission Possible» i Tønsberg for nokre veker sidan. «Marita er ei de må ta vare på!» sa dei. Og ta vare på deg, det skal vi, Marita! Eg startar her. Måtte du få vere bibliotekar lenge i landet!

 

Julekalender

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Vidar Kursetgjerde, bibliotekrådgivar på Møre og Romsdal fylkesbibliotek

vidar kursetgjerdeVidar var ein av bibliotekarene som tok i mot meg då eg hadde min første praksisperiode ved Ålesund bibliotek i januar 1988. Han var også på bokbåten i lag med meg nokre dagar i den same perioden. Eg var berre 22 år, men det var ei oppleving der eg følte meg som ei kvinneleg blanding av kaptein James Onedin og Henrik Wergeland. Bøkene ut til folket sjøvegen! Vidar er tålmodig, Vidar er ikkje den som kjem i trøbbel, Vidar vil ha ro og fred og han ønskjer mest av alt at alle skal vere venner og halde fred med kvarandre. For nokre år sidan skilte Ålesund bibliotek og Møre og Romsdal fylkesbibliotek lag, og Vidar var blant dei som sakna sårt publikumsvaktene. Og han var ein særs dyktig «bibliotekar på golvet». Der likte han seg aller best trur eg. Han kjem fortsatt ofte innom biblioteket i Ålesund, og fleipar med at han gjerne kan arbeide gratis med publikum. Men eg veit at han meiner det. Vidar har vore ein særs god kollega, den typen du alltid er glad for å sjå igjen. Glad i gode historier og glad i å flire. Eg har alltid gått godt i lag med den sorten. Han har forresten fått tatovert inn Ivar Aasen sitt namnetrekk på det eine skulderbladet.

 

 

Julekalender

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Ann-Mari Harkjerr, biblioteksjef i Ulstein

ann_mari_harkjerrAnn-Mari, alias «Fenomenet frå Hareid». Ho blei bibliotekar i godt vaksen alder og kom til oss i Ålesund i ein praksisperiode. Vi såg kva vi hadde med å gjere. Då høvet kom stjal vi henne frå Ørsta bibliotek til Ålesund. Ho var barnebibliotekar ved Ålesund bibliotek i fleire år, den sorten barnebibliotekar som såg ut som om ho var født til det. Som om det aldri var tenkt frå høgare makter at ho skulle bli noko anna. Fordi alt anna ville vere bortkasta når ho var så talentfull i å vere dette eine: Barnebibliotekar. Ho skifta personelegdom når ho hadde høgtlesingsstunder. Når ho var prinsesse, sjørøvar, troll og kva det no måtte vere. Born og vaksne med halvopne munnar, hyling, latter og roping. Ann-Mari var ein attraksjon i seg sjølv, og ein umåteleg god kollega som alle var glade i. Eg var letta den dagen utlysningsdatoen for biblioteksjefstillinga i nabokommunen der ho budde var passert, då var det for seint. Då fekk eg behalde henne. Men fristen blei utsett, eller blei det utlyst på nytt? Fenomenet frå Hareid var plutseleg ikkje vår lenger. No skulle andre barn få nyte godt av henne. Vi burde unne dei det. Men det var svært, svært vanskeleg.

Julekalender

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Vidar Lund, fylkesbiblioteksjef i Rogaland

VidarLundFørste gongen Vidar og eg møttest var i 2004 under arbeidet i spesialgruppa for folkebibliotekpolitikk. Han var då ei relativt ung og ukjent røyst i bibliotekmiljøet. Det skulle snart snu. Vidar er enormt kunnskapsrik og eit organisasjonsmenneske av rang, med klare nerdetendensar. Han er uhyre diplomatisk og er den typen som kan seie tilnærma kva som helst utan at folk blir sinte på han. Han er nynorskkonvertitt som meg, men han er mykje flinkare, det er forskjellen. På meg verkar det som om han får dei jobbane han vil ha, sjølv om flyet som skal ta han til intervjuet er det same flyet som vekkjer han over hovudet då han innser at han har forsove seg. Likevel får han jobben. Vidar har kome til å bli min nære venn, eit venskap eg set svært høgt. Ingen kan tøyse og fnise som oss, samstundes er han den stø rådgivaren eg tyr til når det trengs som mest. Om eg nokonsinne skal gifte meg på nytt skal Vidar kvede i bryllaupet mitt, det er forlengst bestemt. Som de ser så er han også den bibliotekaren som tittar fram bak ei bokhylle for å tilfredsstille dei fotografane som synes dette er ein kjempeoriginal måte å fotografere bibliotekarar på. Både Vidar og eg veit betre.

 

Julekalender

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Monica Deildok, leiar emeritus av Bibliotekarforbundet

MonicaDeildokMonica har nettopp gått av etter 13 år som leiar av Bibliotekarforbundet.  Hadde ho ikkje gått av ville eg likevel hatt henne med i denne julekalenderen, for dette er ikkje eit avsluttande festskrift. Ho er det eg i klartekst vil kalle ei grepa dame. Vi var i lag på bibliotekutdanninga på Høgskolen no i haust for å snakke for førsteklassingane, og eg må seie eg grudde meg litt, for dette hadde Monica gjort mange gongar før. Først blei eg letta over at ho ikkje hadde powerpoint, så holdt ho eit foredrag om norsk fagforeiningsvesen som eg lærte svært mykje av med pedagogiske evner som einkvar kan misunne henne.  Monica er krystallklar, kunnskapsrik, trygg og har ein naturleg autoritet. Eg blei medlem av Bibliotekarforbundet då det var heilt nystarta. Når eg no ser kva det har vakse seg til og kva eg får igjen for medlemskontingenten, så er det ingen tvil at Monica som hærførar og gallionsfigur har hatt mykje av æra for dette. Eg gleder meg til å følgje Monica vidare. Ein synleg og markant leiartype av hennes kaliber er det ikkje for mange av.

 

Julekalender