«Børre Knudsen jaktet ikke likes på Facebook»

Det er tittelen på filosofen Einar Øverenget sin spalte «Fritt ord» i Magasinet denne veka. Øverenget hadde nettopp sett dokumentarfilmen «En prest og en plage» om anti-abortpresten Børre Knudsen. Eg har også sett den filmen og han gjorde eit sterkt inntrykk på meg. Ikkje fordi eg på noko tidspunkt var einig med Børre Knudsen, eg er sterkt for retten til sjølvbestemt abort. Eg har aldri meint noko anna, eg har aldri vore i tvil. Og Børre Knudsen og kompanjong Ludvig Nessa sine verkemidlar meiner eg fortsatt var motbydelege. På meg verka dei forrykte begge to, men eg hugsar særleg at eg tenkte det om Børre Knudsen. Han verka som å tilhøyre ei anna verd, augene hans var ikkje her, mannen var ikkje tilstades, han var ein framand i blant oss.

 

Ein venn av meg sa forleden at eg brukar mykje uttrykket «å stå i det». Og eg gjer nok det, for eg meiner at livet handlar om å nettopp «stå i det». Gjere det du kan medan du er der, ikkje vike, ikkje vere feig, stå opp for deg sjølv og dine nærmaste. Det viktigaste eg kan gjere for barna mine er å gi dei mot, vise at eg står i det, vere eit førebilete, vise at eg ikkje bry meg om kva andre meiner. Men kven er eg til å snakke når det kjem til stykket? Jovisst, eg går nok for å vere både skrivefør og verbalt hardtslåande og spissformulert, men eg blir jo til dels svært lei meg når eg får «for mykje» motbør. Eg tek det «personleg» som det så vakkert heiter. Men alt er personleg. Og alt er politikk. Eg jobbar kvar dag med å bli flinkare til å velje mine slag, men det er vanskeleg. Like vanskeleg som å takle forsøk av latterleggjering og skuldertrekk over engasjement.

 

Dei siste par dagane er det Fotballfrue si rumpe på forsida av Det Nye som har irritert livet av meg, men eg har greidd å lat vere å skrive om det på Facebook. Ok, det blei ein ørliten kommentar på Twitter. Og skriv eg så lagrar eg godt både likes, gode kommentarar, favorittmarkeringar og retweets. Så kven er eg til å så eplekjekt proklamere eit «stå i det»? Eg vil bli sett, høyrt, få applaus og gode tilbakemeldingar. Eg kunne aldri ha vore ein Børre Knudsen, eg kunne aldri blitt han som gjekk med opne auge inn i hatet, latterleggjeringa, «diagnostiseringa» av han som person, eg kunne aldri greidd (biletleg) å miste kappe og krage, og utsetje familien min for hat og sjikane på grunn av deira slektsskap til meg.

 

I filmen «En prest og en plage» ser vi ein tilårskomen, sjuk, svak og sliten mann. Saman med ei for meg overraskande sterk og flott kone. Han syng salmar på sjukehuset med knapt høyrbar skjelvande røyst, han kjenner seg sorgtung over det han har påført sine nærmaste. Men han viser ingen anger for at han engasjerte seg så sterkt og sjølvutslettande i saka han trudde på. Han ville gjort det igjen, ingen tviler på det. Den antipatien og forrakten eg kjente for Børre Knudsen har blitt nyansert, for ikkje å seie borte. Ikkje fordi eg har endra syn i abortspørsmålet, men fordi eg meir forstår drivkrafta hans, og fordi eg beundrar motet og uthaldenheiten. Børre Knudsen sto i det! Og det med ein styrke og ei overtyding dei færraste av oss har når det kjem til stykket. Eg har det hvertfall ikkje. For meg er det viktigare å vere ein del av eit fellesskap. Det er menneskeleg, det er derfor det er så mange som er som meg. For eg er meir oppteken av likes på Facebook.

 

Share on FacebookTweet about this on TwitterEmail this to someonePin on PinterestPrint this page