24. desember: Heimflyttar

Då eg var barn var sjølvaste julaftan ei heilt spesiell luke i julekalenderen. Ho var annleis på alle måtar. Det må også vere litt annleis i denne julekalenderen. Eg har hatt umåteleg stor glede av å skrive alle desse innlegga, eg har kjent meg takksam og glad for at eg kjenner så mange fine folk. At alle har tilknytning til bibliotek gjer det berre enda finare. Her er usynlege band, forbrødring og -søstring, felles verdisyn og samling i botn om kvifor bibliotek, i alle former, er livsnødvendige for oss. Eg har ønska å vere ein representant for dei store orda, dei som sjeldan blir sagt utan at dei blir pakka inn i tillærte og innstuderte visdomsord og emoji-hjarter.

Men det er likevel éin utanfor folden som også brukar dei store orda om bibliotektilsette, om enn på ein annan måte. Han twitrar frå sin ståstad, for han seier «Om du spør etter erfaringar har eg to: Ei Creedence-plate og ei som dro». Og ho som dro var bibliotekaren. Eg ønskjer dykk, gode kollegaer, og alle andre som har fulgt kalenderen på bloggen, ei god og fredeleg jul. Her får de @Heimflyttar med sine 140 teikn i gongen på denne julaftan i det Herrens år 2014. Hadde han berre visst det.

24. desember: Heimflyttar seier:

Heimflyttar Eg skulle gjerne møtt kjærleiken
slik ein nyleg sjøsett færing konverserer sine første bølgjer, nok eingong.

Ferja
hadde trengt ein tv-aksjon. Denne staden treng òg kvinner.
Ei ferje full av utdanna kvinner. Gi så det svir

Treng ikkje vere den store kjærleiken. Det vesle
er når min telefon går automatisk i wifi i ditt hus

Når eg er på kaffebar i byen ber eg spesielt om at dei IKKJE lagar hjarte i mjølkeskummet

Har
fått stipend for å forska på kva som skjer med dobbeltsenger som berre blir brukt
på den eine sida over tid.

Ber ikkje om mykje, berre ein bibliotekar
som forstår

Du trur ikkje eg kan gi deg nok spenning? Eg har alle dikta til Olav H. Hauge og eit jøtulhjarte

Såg ei rosabloggarbrun, tynn jente med skavlkvitt hår og stor tyggis på Kiwi: kan ho vere den nye bibliotekaren?

Eg trur eg kunne elska ei som ikkje er bibliotekar,
men det ville bli hardt.
Men det burde gå

Må slutte å vere så oppteken av bibliotekarar med strenge briller. Må utvida til andre yrker (eh, kjem ikkje på nokon)

Nye bibliotekaren, rett alder, skjønnlitterære briller, innsvinga kropp, poetiske hofter, dramatiske hender og
kinn som ville passa mine

Handa skalv, var så nervøs i biblioteket at eg tok Coelho i staden for Clézio. Same hylle.
Tru kva ho tenkte

Om ho har briller,
har innsvinga bibliotekklede
og les Fosse,
skrik eg mot himmelen: Kvifor har alle bibliotekarar kjærast frå før?

Det er knapt eit bibliotek her eg ikkje har håpa å finne henne. Alta bibliotek no

Bibliotekarar treng ein knapp på Twitteren i tillegg til
reply,
retweet,
favourite:
Eg frir

Om
du er bibliotekar og eg ikkje følgjer deg,
gi eit lite vink.
Slikt
skal ikkje skje

Drøymde at eg traff henne og sa «takk for at du elska meg alle desse åra. Og ho sa: treng ikkje takke, det var da så lite

Bibliotekfilialen har tatt juleferie no, men
i kjellarlokalet lyser ei lampe rett over der kjærleiksdikta til Moren Vesaas står

Har trua. I 2015 treff eg nok min komande eks.

Share on FacebookTweet about this on TwitterEmail this to someonePin on PinterestPrint this page