23. desember Katrine Celius

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

23. desember Katrine Celius, tilsett på Ålesund bibliotek

katrinecVed Ålesund bibliotek hadde vi fått over femti søknader på ei bibliotekfullmektigstilling, og hadde innkalt tre til intervju. Etter at den andre hadde vore inne meinte vi at vi hadde funnet vår mann, men vi måtte jo gjennomføre det siste intervjuet også, sånn for syns skuld. Og inn døra kom sola Katrine med si utstråling og sitt milde, blide vesen. Habil bibliotekbrukar var ho også, og syntes det såg så fint  ut å jobbe hos oss. Eg hugsar godt at ho og eg som intervjua henne sat og smilte gjennom heile intervjuet, men etterpå var vi ganske forvirra. Kva skulle vi gjere? Vi hadde jo eigentleg bestemt oss for han andre? Det er enkelte personar som ein alltid burde setje i front for å møte publikum, nokon har det berre i seg, andre  har det ikkje. Katrine er denne fødte kundebehandlar, om vi kan kalle ein bibliotektilsett det. Eg meiner vi kan det. Ho får kvar einskild til å føle seg sett, roe ned situasjonar som «Eg har fått ei purring, men denne boka har eg levert inn forlengst!». Katrine er kanskje den einaste den gamle dama som besøker oss snakkar med i løpet av dagen, og heldige gamle dame som møter Katrine! Ho var ikkje henrykt over å måtte ta ei eventyrstund for barnehagebarn. «Det er liksom ikkje meg, Mariann», sa Katrine, for dette var noko ho ikkje var komfortabel med. Men ho slapp ikkje unna. Til slutt tok ho meg i handa (!) og sa «ok, eg skal gjere det». Og mild tvang er undervurdert, for Katrine viste seg å vere eit formidlingstalent. Ho er eit strålande døme på at berre ein ein går inn i ting med eit ope og litt fandenivoldsk sinn så kan det bu ein drivande dyktig formidlar i mange fleire bibliotektilsette. Det er den faglege biten. Men å vere ein god kollega i eit felleskap er meir enn det faglege. Det handlar om empati, vise interesse, sjå sine kollegaer og sjølv bidra til at du er fin å jobbe i lag med. For slik er ho som kom inn på eit møterom til intervju som ein solstråle. Ho som vi fall pladask for for to år sidan når alt eigentleg var avgjort. Men Katrine var den som avgjorde.

Share on FacebookTweet about this on TwitterEmail this to someonePin on PinterestPrint this page