22. desember: Elisabeth Flåskjer Kjerstad

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Elisabeth Flåskjer Kjerstad, biblioteksjef i Sula på Sunnmøre

elisabethflåEg var nyutdanna bibliotekar i 1990, og Elisabeth var ein av dei første eg møtte i biblioteksjefkollegiet i Møre og Romsdal. Desse biblioteksjefmøta var jo dei reinaste slektstreffa, og ikkje berre fagleg. Vi fulgte med kvarandre gjennom oppturar og nedturar, jobbskifte, barnefødslar og bryllaup. Det knyttast sterke band over tid mellom mange. Elisabeth er ikkje den som snakkar for høgt og for mykje. Men når ho ber om ordet er det gjennomtenkt, velformulert og poengtert. Men lat deg ikkje lure; for ho er innovativ, på hogget og nytenkande som få. For 11 år sidan blei Sula bibliotek kåra til årets bibliotek i Møre og Romsdal, og eg har aldri gløymt takketalen hennar. Om kva biblioteket kunne bety i eit lite lokalsamfunn, korleis dei jobba, kva som var viktig for det vesle kollegiet på biblioteket og korleis dei ønska å gjere ein forskjell i folk sin kvardag. Kor ofte blir ein rørt av ein takketale? Ikkje ofte. Men under denne talen til Elisabeth kunne ein høyre ei knappenål falle. Og prisen var så velfortent. Seinare blei Sula bibliotek valt ut til å vere eksempelbibliotek i Møre og Romsdal. Dei seier alltid ja til å prøve noko nytt, vere i front, vere flaggskip. Det vesle biblioteket i Langevågen har alltid vore noko å strekke seg etter, sjølv for store Ålesund bibliotek på andre sida av fjorden. Elisabeth er eit av dei framste døma på at ein kan få til store ting som løftar og beriker ei bygd utan at ho er særskilt ekstrovert og synleg i alle samanhengar. I Sula har ho blitt ein institusjon i seg sjølv. Ikkje fordi ho rår over større kommunale midlar enn andre, det gjer ho langt ifrå, men fordi ho tek samfunnsoppdraget og biblioteksjefrolla si på alvor. Fordi ho heile tida ønskjer å drive betre. Fordi ho har vyer og mål, og er meir enn ein vaktsjef som held opne dørene. Fordi ho har drivkraft og kjærleik med seg i alt ho gjer og fordi ho nyter respekt og takksemd frå dei som er i hennar verkefelt. Både frå  brukarar i kommunen og frå andre biblioteksjefar. Dei har vore ei glede å ha Elisabeth som biblioteksjefkollega gjennom snart 25 år. Alle kommunar, særleg dei mindre, fortjener ein biblioteksjef som Elisabeth. Heldige Sula.

Share on FacebookTweet about this on TwitterEmail this to someonePin on PinterestPrint this page