18. desember: Vidar Kursetgjerde

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Vidar Kursetgjerde, bibliotekrådgivar på Møre og Romsdal fylkesbibliotek

vidar kursetgjerdeVidar var ein av bibliotekarene som tok i mot meg då eg hadde min første praksisperiode ved Ålesund bibliotek i januar 1988. Han var også på bokbåten i lag med meg nokre dagar i den same perioden. Eg var berre 22 år, men det var ei oppleving der eg følte meg som ei kvinneleg blanding av kaptein James Onedin og Henrik Wergeland. Bøkene ut til folket sjøvegen! Vidar er tålmodig, Vidar er ikkje den som kjem i trøbbel, Vidar vil ha ro og fred og han ønskjer mest av alt at alle skal vere venner og halde fred med kvarandre. For nokre år sidan skilte Ålesund bibliotek og Møre og Romsdal fylkesbibliotek lag, og Vidar var blant dei som sakna sårt publikumsvaktene. Og han var ein særs dyktig «bibliotekar på golvet». Der likte han seg aller best trur eg. Han kjem fortsatt ofte innom biblioteket i Ålesund, og fleipar med at han gjerne kan arbeide gratis med publikum. Men eg veit at han meiner det. Vidar har vore ein særs god kollega, den typen du alltid er glad for å sjå igjen. Glad i gode historier og glad i å flire. Eg har alltid gått godt i lag med den sorten. Han har forresten fått tatovert inn Ivar Aasen sitt namnetrekk på det eine skulderbladet.

 

 

Share on FacebookTweet about this on TwitterEmail this to someonePin on PinterestPrint this page