16. desember: Vidar Lund

Kvar dag i desember vil eg trekke frem ein bibliotekar eller bibliotektilsett som byr på seg sjølve og er gode ambassadørar. Ikkje for at desse personane nødvendigvis har gjort noko stort og aktuelt no i haust, men rett og slett fordi dei er representantar for fine bibliotektilsette som gjer ein jobb kvar dag, på forskjellige geografiske stader, i alle slags bibliotek. Ikkje alle av dei er ekstroverte og utadvente, men alle har ein kjærleik til det dei held på med. Dette er personar eg er glad for å kjenne.

Vidar Lund, fylkesbiblioteksjef i Rogaland

VidarLundFørste gongen Vidar og eg møttest var i 2004 under arbeidet i spesialgruppa for folkebibliotekpolitikk. Han var då ei relativt ung og ukjent røyst i bibliotekmiljøet. Det skulle snart snu. Vidar er enormt kunnskapsrik og eit organisasjonsmenneske av rang, med klare nerdetendensar. Han er uhyre diplomatisk og er den typen som kan seie tilnærma kva som helst utan at folk blir sinte på han. Han er nynorskkonvertitt som meg, men han er mykje flinkare, det er forskjellen. På meg verkar det som om han får dei jobbane han vil ha, sjølv om flyet som skal ta han til intervjuet er det same flyet som vekkjer han over hovudet då han innser at han har forsove seg. Likevel får han jobben. Vidar har kome til å bli min nære venn, eit venskap eg set svært høgt. Ingen kan tøyse og fnise som oss, samstundes er han den stø rådgivaren eg tyr til når det trengs som mest. Om eg nokonsinne skal gifte meg på nytt skal Vidar kvede i bryllaupet mitt, det er forlengst bestemt. Som de ser så er han også den bibliotekaren som tittar fram bak ei bokhylle for å tilfredsstille dei fotografane som synes dette er ein kjempeoriginal måte å fotografere bibliotekarar på. Både Vidar og eg veit betre.

 

Share on FacebookTweet about this on TwitterEmail this to someonePin on PinterestPrint this page

3 Comments

  1. Kristin Storrusten said:

    Ganske forstyrret av at det faktisk er bokhyllen som er i fokus. Betyr det at fotografen forsøkte å ta bilde av en helt vanlig bokhylle, og så photobombet Vidar det?

    16. desember 2014
    • Mariann Schjeide said:

      Bildet er eit innlegg i den såkalla hylledebatten i serien «originale bilder av bibliotekarar. Not.»

      16. desember 2014
  2. Vidar lund said:

    Til og med då Scanpix skulle ta bilete av meg som nyvald leiar i Noregs Mållag, drog dei meg inn på biblioteket…

    22. desember 2014

Comments are closed.